Home

Der aust møter vest reiser Jotunheimen seg, fjellkjeda kvar jotnane bur ifølgje norrøn mytologi. Området består av så storslagen natur at det er vanskeleg å ikkje la seg trollbinde. Et kvart menneskje vil unekteleg kjenne seg lite i heimen til kjempene, innimellom ville, vakre fjell, djupe dalar og glitrande innsjøar.

Jotunheimen har og mykje historie å by på utanom myter og segn. Bygdefolket har i fleire hundre år nøyte seg av området til beite, jakt og fiske. Det står framleis vêrbitne setrer og jakt-og-fiskebuer av stein i området.

Eit steinkast unna finn ein både Fondsbu og Eidsbugarden ved Bygdin og Tyinholmen ved Tyin – Kjende serverings-og-overnattingsstader med lang tradisjon. Nyleg har og Tyinkrysset Fjellstue langs med hovudpulsåra E-16 vakna til liv at med tilbod om tradisjonsrik, kortreist mat. Her fin en og Noreg sin største Joker butikk, kjend for sine service-innstilte tilsette og ubegripeleg store mangfald av varar. Om ein skulle ha ønskje om det, kan ein fortsetje å følgje europavegen lengre vest for å oppleve Lærdalselva. Det er og mogleg å gå den gamle Kongevegen ned til Lærdal – ei spektakulær reise som  tiltrekk seg turistar både innanlands og utanlands frå.

Det skal ikkje meir enn ein kort biltur til for å koma seg til Årdal – den inste kroken av naturperla Sognefjorden og heim til Årdalsvatnet. Høge fjellveggar mot glitrande vatn og open himmel er alltid eit overdådig syn, men ingenting tar pusten frå ein like enkelt som når Årdalsvatnet vert juvelgrønt om våren på grunn av smelta brevatn. Vettig gard kan og være en vakker stad å besøkje i dette området.

Naturen pluss ein mengde fasilitetar gjer Jotunheimen til den ideelle ferieplass sommar som vinter. Med sine 6 månader med snø vert området berekna som eit av dei mest snørike i heile Sør-Norge. Tyin-Filefjell skisenter med sine 4 heistrekk og 13 nedfartar pluss eigen barneheis finn ein rett rundt hjørnet. Dei byr på både skiutleige, skiservice, skiskole og serveringsstader knytt til anlegget. For dei som søkjer meir spenning er det fult mogleg å gjennomføre frikjøring i fjella, og med guide om ein er uerfaren.

For dei som er født med langrennsski på beina finns det fleire turløyper i området som er preppa med moderne løypemaskin. Det finns og løyper i fjellet som er køyrt opp med snøscooter. Løypenettet snirklar seg oppe gjennom fjellet samt nede i skogbeltet, kvar ein fin lysløyper.

Om sommaren kan ein kjøpe fiskekort til fleire populære fiskevatn, om ein ønskjer seg ei berømt stor fjellaure på kroken. Nærområdet byr og på høve for jakt for dei som føretrekk gevær framfor fiskestong.

Det er ubegrensa med høve for å gå på tur, både i fjell og skog. Sykling langs med Tyinvatnet inn mot Eidsbugarden samt den gamle Rallarvegen ned mot Årdal med sine spektakulære svingar er og svært populært. Å ta med seg sin to-hjulte venn langs den tidlegare nemnte Kongevegen er og ein tur full av flotte opplevingar.

Tomtane på Reikesteinodden ligg vakkert plassert iblant makelaus natur og fasilitetar. Alle tomtane varierer i storleik mellom 1200 km2 og 1400km2. Straum, vant og kloakk er alt inkludert i salsprisen. Det vil også være høve for å kople seg opp til fibernett. Pris, storleik og plassering finn du ved å sjå på tomtekartet.